Styremøte på Noregs vakraste campus
HVL har og ein læringslab, eit teknologibibliotek der studentar og andre kan låne og prøve ut forskjellig teknologi. Her er utstyr for podcast, video og redigering, droner og kamera. Det er pedagogisk utstyr for koding og leik, VR-briller og 3D-printing. Ein eigen driftsteknikar hjelper til og lærer opp studentar og tilsette i bruk av utstyret.
HVL på Rommetveit har ein lang og stolt historie heilt frå 1839. Plasseringa på Stord vart grunngjeven med at staden låg sentralt til ved skipsleia, at her var lite religiøs eller politisk fanatisme, at kommunen var så tett folkesett at seminaristane lett kunne skaffa seg husrom og at det også var nok elevar til å oppretta ein øvingsskule.
Saman med dei fire andre campusane, Førde, Sogndal, Bergen og Haugesund, jobbar no HVL fram mot å få status som universitet - Universitetet på Vestlandet.
Styret takkar for godt vertskap og set stor pris på å få sjå og høyre om arbeidet på Høgskulen på Vestlandet.
Bedriftsbesøk