Full sal i Gjøa når BDO presenterte sin bransjeanalyse for bygg og anlegg.
Full sal i Gjøa når BDO presenterte sin bransjeanalyse for bygg og anlegg.

Bransjeanalyse for bygg og anlegg

21.11.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Vår samarbeidspartnar BDO presenterte sin ferske bransjeanalyse for bygg og anlegg på Stord Næringsråd sitt frukostmøte i dag.
Stord hotell er pynta til jul og leverte ein framifrå buffet til det siste frukostmøte i år. Over 60 tilhøyrarar fekk ein god frukost og prat før vi vart samla i Gjøa til BDO sin presentasjon av bransjeanalysen for bygg og anlegg.

BDO er eit rådgjevings- og revisjonsselskap som mellom anna har laga ein årleg analyse for bygg- og anleggsbransjen. Det er no tredje gongen denne blir presentert på arrangement hos Stord Næringsråd.


Astrid Bjørk, kontorleiar på BDO Stord, ønske velkomen og presenterte kva tenester som vert utført frå kontoret lokalt.


- Som forventa har 2023 vore eit krevjande år, prega av betydeleg aktivitetsnedgang og noko fallande marginar, seier Jan-Petter Abelsen, partnar i BDO. Hovudårsaken til dette er rentenivået, høg inflasjon og eit auka kostnadspress.

- Me ser ein aktivitetsnedgang som skuldast ein tilnærma stopp i igangsettingar, og dei høge rentene er med på å brfemsa aktiviteten.

BDO fortel vidare at sjølv om dei nasjonale trendane er negative, ser alt litt lysare ut i Sunnhordland og på Stord. Samstundes er det utfordringar med å få tak i nok kompetanse når arbeidsledigheten er så låg som den er i Sunnhordland.

Morten Bogaard fortalte om konsolideringa i byggebransjen og viste til at omlag 70 % av oppkjøpa var gjort av utanlandske eigarar. Av oppkjøparane skil ein mellom dei som kjøper opp for å betre strategisk possisjon og dei som ønskjer betre finansielle resultat.

Avslutningsvis vart bransjen utfordra på å ta i bruk nye AI-verktøy. Her meiner Abelsen det kan vere lurt å begynne i det små for å lære seg teknologien før ein går til store investeringar i nye system.
 
Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE