
Frukostmøte med Stord kommune og SKL

Ordførar Sigbjørn Framnes innleia frå Stord kommune og informerte om korleis kommunen ønskjer å vere ein god samarbeidspartnar for næringslivet.
- Kommunen kan ikkje stille med pengar, men vi skal vere ein kommune som lyttar til og legg til rette for næringslivet på ein godt måte, sa Framnes.
Vidare fortalte kommunedirektør Tommy Johansen om korleis stoda er for Stord kommune no.
- Ein får ofte inntrykk av at alt står dårleg til i kommunen, det stemmer ikkje, seier Johansen. Vi skårar høgt på mange parameter samanlikna med både nabokommunar og andre kommunar på same storleik. Samstundes har vi eit utfordringsbilete med høg lånegjeld som fører til eit redusert handlingsrom.
Både Framnes og Johansen var innom at det no er høyring på kommuneplanen sin arealdel (KPA), der frist for innspel er 24. april. KPA er ein juridisk bindande plan der kommunen definerer kva areal i som kan nyttast til kva formål, til dømes bustadbygging, næring eller landbruk, natur og friluftsområder. Meir informasjon om dette finn ein på kommunen sine sider: Høyring av kommuneplanen sin arealdel - Stord kommune

Administrerande direktør i SKL, John Martin Mjånes fortalde om kva som rører seg i SKL om dagen og korleis selskapet ser for seg tida framover.

Magne Andresen er myndighetskontakt i SKL og forklarer kvifor vasskraft og vindkraft er løysinga for å skaffe meir straum til lågast kostnad. Han forklarte korleis straummarknaden virkar og litt om korleis straumprisen blir sett og korleis dei ulike aktørane passar inn i næringskjeden.

Samlingar