Om oss
Stord Næringsråd er ein frittståande interesseorganisasjon for næringslivet på Stord, og vår historie går heilt tilbake til 1911, då namnet var Indre Søndhordlandske Landhandlerforening. I 1919 vart namnet endra til Leirvik Handelssamfund, og i 1931 til Stord Købmannsforening. I 1952 var det igjen nytt navn som vart Stord Handelsforening. I 1991 vart Stord/Fitjar Reiselivslag og Stord Handelsforening slått saman, og Stord Næringsråd vart stifta.
Vår visjon:
Stord Næringsråd skal vera det sjølvskrivne fora for diskusjon av spørsmål som vedkjem næringslivet i Stord
Våre mål:
1. Stord Næringsråd skal vera ein synleg interesseorganisasjon
2. Stord Næringsråd skal vera talerøyr for næringslivet i Stord kommune
3. Stord Næringsråd skal arbeida for eit lokalsamfunn med fokus på berekraftig verdiskaping
4. Stord Næringsråd skal styrkja Stord sin identitet som by, og som handels- og regionsenter
5. Stord Næringsråd skal driva i økonomisk balanse