Næringsalliansen Vestland
Formål og strategi for Næringsalliansen
Samarbeidsavtalen for Næringsalliansen Vestland slår fast at den skal vere grunnlaget for eit forsterka og inkluderande samarbeid mellom dei private næringsforeiningane i regionen. Avtalen peiker særleg på fire hovudmål:
- Meir kraft i påverknads- og lobbyarbeidet, særleg regionalt og nasjonalt.
- Fellesorganisert talerøyr ovanfor Vestland fylkeskommune.
- Framstå samla i utvalde saker, også som høyringsinstans regionalt og sentralt.
- Utveksling av kunnskap og erfaringar, nettverksdeling.