Pablo Barrera er Årets leiar
HR Norge sin Lederpris 2024 vert tildelt konsernsjefen i Haugaland Kraft, Pablo Barrera. Prisvinnaren vert skildra som ein leiar for framtida, som er særleg opptatt av at medarbeidarane har det godt på jobb. Han har til og med klatrekurs i mastene, ifølgje ei pressemelding.
HR Norges Lederpris 2024 vert tildelt Pablo Barrera, konsernsjef i Haugaland Kraft. Det er ei stor glede å gi prisen til Barrera, som tidleg har utmerkt seg som ein dyktig leiar og oppnådd mykje i karrieren sin, til tross for sin unge alder, seier Helle Øverbye, leiar av juryen og styreleiar i HR Norge.
Prisen vart delt ut på HR Forum, som i år gjekk av stabelen på Scandic Fornebu 6.-7. november.
I juryen si grunngjeving vart det trekt fram at vinnaren er verdibasert i alt han gjer, tenkjer på andre, og er svært opptatt av menneske og mangfald. Barrera har fokus på at medarbeidarane skal ha det godt på jobb.
Barrera sjølv er glad for å motta prisen:
- Eg blir både stolt og takksam for denne anerkjennelsen. Det er ein stor klapp på skulderen som gir motivasjon og energi til vidare utvikling og til å jobbe hardt for å nå nye høgder med teamet mitt. God leiing skjer i samspel med dei rundt deg, og eg vil gjerne takke dei leiarane eg har jobba for og lært av, samt dei teamene eg har leda, seier han.
HR Norge deler kvart år ut prisen til ein leiar som har utmerka seg. Formålet med prisen er å fremheve samanhengen mellom godt leierskap og gode resultat. Årets leiar har tidleg blitt lagt merke til som ein leiarstjerne og har tidlegare vunne prisar for sitt leiarpotensial.
I 2022 flytta han tilbake til hjembyen Haugesund, der han har vokst opp, og tok over som konsernsjef i ei bransje som er viktig for kritisk infrastruktur og lokalmiljøet, med over 500 tilsette.
- Dette er ei bransje som får stor merksemd og har behov for endring og fornying. Det er imponerande å sjå korleis Barrera vert beskriven som ein leiar med evne til å setje seg inn i drift og saker som angår verksemda, seier Øverbye.
Prisvinneren vert omtala som ein leiar med stor arbeidskapasitet og tilstedeværelse, med eit breitt nettverk både i bransjen, Stortinget, regjeringa, lokalpolitikken og næringslivet. Men det viktigaste er hans nærvær blant dei tilsette.
Han er tett på – også ute i felten, og har til og med stolpe-, mast- og nedfiringskurs. Dette er ikkje noko kvar ny konsernsjef ville teke på seg, seier juryleiaren.
Når han blir spurt om kva som er hans viktigaste fokus i leiarjobben, er Barrera tydeleg på at prioriteringar og samarbeid er avgjerande.
- Det handlar om å legge til rette for at laget rundt meg kan lykkast ved å setje fokus, gjere prioriteringar, sørge for nødvendige ressursar, bidra til personlig utvikling og jobbe saman for å løyse utfordringar når det trengs, seier han.
Barrera trekkjer også fram evnen til å sjå enkeltmennesker, noko juryen har merka seg.
- Evnen til å setje langsiktig retning, justere den undervegs, sjå enkeltmennesker og jobbe inkluderande og tillitsfullt for å nå dei ambisiøse måla, er viktig for meg som leiar, seier prisvinneren i pressemeldinga.
Stord Næringsråd gratulerer Pablo Barrera med prisen og er glade for at Haugaland Kraft er med som ein av våre hovudsamarbeidspartnarar.