Optiras presentert
Leirvik arbeider i fleire nye marknadar, mellom anna inn mot havbruk. optiRAS er eit konsept for landbasert oppdrett som har vorte testa ut og no er klar til produksjon for kundar.

Styremøte på Leirvik AS

08.05.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Leirvik AS var vertskap for styremøte for Stord Næringsråd denne gongen.
Store og kompliserte bustadmodular i aluminium er det produket Leirvik AS har arbeidd mest med dei siste åra. Samstundes har dei og utvikla nye produkt innan akvakultur og infrastruktur.



Helge Gjøsæter, CEO i Leirvik AS, presenterte bedrifta og korleis dei tenker rundt sikkerhet, prosjekt og nye marknadar. Styret fekk ei god innføring i både historien og framtidsutsiktene for det tradisjonsrike verftet i Aslaksvikjo.

Forutan nye satsingar innan akvakultur, samarbeider Leirvik AS med Statens vegvesen for å utvikle brukonsept i aluminium.

LES FLEIRE NYHENDE