Styremøte hjå Salt Ship Design
Styret fekk ei omvising i Salt Ship Designs lokale på Stord, der dei fekk sjå korleis firmaet brukar avansert teknologi og kreativitet til å utvikle nye og berekraftige konsept for maritim sektor. Styret fekk også møte nokre av dei dyktige ingeniørane og designarane som arbeider hjå Salt Ship Design, og høyre om deira erfaringar og utfordringar.
Reinert Horneland og Randi Beathe Hovland var imponerte over kor flotte lokale Salt Ship Design har fått seg på Sunnhordlandskaien. Johannes Eldøy fortel av kundar og samarbeidspartnarar gjerne kjem til Stord for å møtast, og då er det viktig med gode lokaler og gode tenestetilbod i sentrum. For Salt Ship Design er plasseringa ved hamna i sentrum viktig for rekruttering og identitet. Dei er opptatt av eit levande sentrum og løftar dette inn i den politiske debatten som er no.
Styret takkar for eit engasjerande innlegg frå Salt Ship Design og for ei flott omvising. Styremøtet heldt fram med ordinære styresaker.
Bedriftsbesøk