No er det Vestlandet sin tur
Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest følgjer opp med å peike på kor viktig det er å binde saman landsdelen langs E39. Han seier vidare at dersom vestlandet skal lukkast i den omstillinga som skal skje, må dei transportulempene som er her i dag reduserast.
Sigbjørn Gjelsvik (SP) er leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Han meiner regjeringa har lagt fram ein Nasjonal transportplan som er realistisk, tar inn over seg dei viktigaste transportbehova i landet og er godt fordelt utover landsdelane.
Harald Minge i Næringsforeningen i Stavangerregionen la i påska fram sitt synspunkt på kva som skjer med vestlandet dersom Horfast ikkje kjem når Rogfast er ferdig. I dag mana han til samarbeid. Dersom vestlandet skal blir bygd saman, må ein stå saman. Ha felles møtepunkt og felles bodskap inn til regjering og storting.
Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget skal denne veka ha høyringar der interessepartane kan få seie litt om regjeringa sitt framlegg til NTP. Vidare skal komiteen legge fram eit forslag som skal til røysting i Stortinget før sommaren. Det er Stortinget som gjer endeleg vedtak om NTP.