Frukostmøte med KPMG - Krasjkurs i AI
Tom Einar Nyberg frå KPMG leia hendinga med ein engasjerande presentasjon som gjekk djupt inn i Azure AI-tenester og MS Copilot for Office Productivity. Han viste til dei nyaste oppdateringane og gav verdifull innsikt i korleis desse tenestene kan forbetre arbeidsflyten og produktiviteten.
Deltakarane fekk òg sjå konkrete casepresentasjonar. Desse døma viste korleis AI kan nyttast i ulike bransjar, og framheva potensialet for innovasjon og effektivisering. Samstundes er det fallgruper ein må unngå for å nytte teknologien på ein god måte.
Peder Omenaas fortalde om viktige tema som styring og personvern i samband med AI-teknologi. Desse diskusjonane understreka tydinga av ansvarleg bruk av AI og trongen for å verne om persondata. GDPR og kommande AI-ACT er viktige reguleringar for AI, i tillegg til gjeldande personvernlovgjeving.
Samlingar