Frukostmøte med Aker Solutions
Når hjørnesteinsbedrifta Aker Solutions kjem på frukostmøte er det alltid godt oppmøte. Over 130 næringslivsfolk, politikarar og interesserte fekk høyre verftsdirektør Arne Hammer fortelje om verftet på Stord
- Det vert satsa stort på verftet på Stord med mykje oppgraderingar på sjølve verftet, seier Hammer. Vi brukar lokale firma der vi kan og ser det som viktig å vere med å bidra i lokalsamfunnet.
- Vi har hatt historisk høg aktivitet no fram til ferdigstilling av Johan Castberg. Utover hausten vil aktiviteten stige endå litt meir med prosjekta Hugin A, Valhall PWP og Sunrice HVDC med fleire. Den største utfordringa er å få tak i tilstrekkeleg kompetent arbeidskraft. Vi reknar med at det er om lag 50 nasjonalitetar i arbeid hos oss i åra framover.
Øyvind Malmanger fortel vidare om verftsarbeidaren i framtida.
- Data, big data og kunstig intelligens gir oss mange mulighetar framover. Vi prøver å automatisere og betre dei prosessane vi har, slik at vi kan levere eit best mogleg produkt til kundane. Vi utviklar eigne system og applikasjonar som hjelper oss i planlegging og bygging.
- Digital construction workforce er ei rekke applikasjonar som kva einskild arbeidar har med seg i smarttelefonen sin. Det kan vere alt frå transport og logistikk til fullstendige 3D-teikningar av prosjektet.
Arne Engevik, leiar av fornybarsatsinga i New Build viser dei nye fornybarprosjekta som ruvar på verftet no.
- I løpet av neste år skal 1/3 av omsettinga vere frå fornybare segment. I 2030 skal fornybardelen opp i 2/3. Dette er hårete mål, men me er i ferd med å få det til, seier Engevik. Samstundes skal me redusere CO2-utslett med 50% til 2030 og vere karbonnøytrale i 2050.
- Vi er med på karbonfangst- og lagring, flytande havvind, omformarplattformer og vasskraft. Berre med dei prosjekta vi har under bygging no, vil det forsyne om lag sju millionar husstandar med straum.
Stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland (H) og Odd Harald Hovland (Ap) var mellom tilhøyrarane på frukostmøtet i dag og seier begge dei er stolte av industrien i Sunnhordland.
- Vi jobbar kvar dag med å synleggjere den verdiskapinga og sysselsettinga som skjer i Sunnhordland. Her er høgteknologiske arbedisplassar og spennande framtidsutsikter langt inn i det grøne skiftet, seier Eskeland.