Toppduell på Stordkonferansen
- På Stordkonferansen vil vi få høyre frå både næringsminister Cecilie Myrseth og opposisjonsleiar Sylvi Listhaug. Dei får høve til å få fram sine poeng, men ikkje minst vil dei møtast i ein panelsamtale der framtida for industrien i Sunnhordland vil vere eit sentralt tema. Dette er sentrale politikarar som i høgste grad er med å påverke kva rammevilkår som skal gjelde for våre viktigaste næringar.
- Det er ei fjør i hatten for Stordkonferansen når så sentrale politikarar kjem, seier styreleiar i SNR, Liv Kari Eskeland. Utover sjølve konferansen vil vi legge opp til eit godt program for politikarane der dei får sett og snakka med dei gode bedriftene her på Stord.
Dette vil du ikkje gå glipp av! Les meir og kjøp billett på www.stordkonferansen.no