Stordflyet
Stordflyet skal halde fram med same setekapasitet som før, etter at Stortinget instruerer Regjeringa om å lage nytt anbodsgrunnlag for FOT-rutene.

Stordruta skal ha same rutetilbod

13.05.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Høgre, Frp, Sp, SV, Raudt, MDG, KrF og Venstre varsla i dag at dei går mot regjeringa sitt nedtrekk i setekapasitet på FOT-rutene. Dermed er det fleirtal på Stortinget for å instruere regjeringa om å oppretthalde dagens rutetilbod på Stord-Oslo.

Stord Næringsråd var ikkje nøgd med grunnlaget regjeringa la i bordet då dei la ut anbod for Stord-Oslo ruta, då denne vart annonsert 23.04.26.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/utlysing-av-ny-konkurranse-om-regional-flyrutedrift-i-sor-noreg/id3157138/


Ein nedgang på setekapasitet på nær 30%, og ein prisoppgang på ca 20% var ikkje i tråd med dei innspela som ein samla region saman med flyplassleiinga har kommunisert inn til regjeringa. 

På spørsmål frå Stortinget har heller ikkje statsråden kunne argumentere godt for kvifor eit slikt nedtrekk på setekapasitet er lagt inn. 

https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qnid=122889

LES FLEIRE NYHENDE