Næringspolitisk utval
Bilete frå første samling: F.v: Marie Aanensen (Karmøy Næringsråd), Lauritz Eidesvik (Bømlo Næringsråd) Øyvind Sjo (Tysvær Ressursgruppe), Terje Halleland (Næringsforeningen Haugalandet) Torbjørn Brosvik (Stord Næringsråd), Liv Kari Eskeland (Stord Næringsråd), Rune Hollekim (Sveio Ressursgruppe), Knut Arild Hareide, Ragnfrid Sønstabø (Bømlo Næringsråd), Bente Marie Sjo (Kvinnherad Næringsservice), Henry Damman (Statens vegvesen) og Bernt Jæger (Næringsforeningen Haugalandet)

Næringspolitisk utval samla til sitt andre møte

03.09.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Næringspolitisk utval var i går samla til sitt andre møte. Invitert gjest var Mathias Fischer frå Initiativ Vest, som løfta fram Vestlandet si rolle som motor i norsk verdiskaping og identitet internasjonalt.
 
– Alt Noreg er kjent for ute i verda, kjem i stor grad frå Vestlandet, var eit av hovudpoenga frå Fischer. Han peika på korleis landsdelen gjennom generasjonar har bygd sterke næringar innan hav, energi, industri, teknologi og eksport – og kor viktig det er at regionen no står samla for å sikre vidare utvikling og politisk gjennomslag.



Samferdsel var eit sentralt tema i møtet, og særleg Ferjefri E39 vart trekt fram som avgjerande for å binde saman bu- og arbeidsmarknader, styrkje næringslivet og gjere regionen meir konkurransedyktig. Dette byggjer vidare på arbeidet som vart starta i det første møtet i utvalet, der næringsorganisasjonar frå Haugalandet og Sunnhordland samla seg om behovet for sterkare regional påverknadskraft.

Sjå film om kor mykje innsparing i reisetid mellom Bergen og Stavanger her


I møtet vart det òg arbeidd vidare med strategi og handlingsplan for Næringspolitisk utval. Målet er å gå frå felles ambisjonar til konkrete prioriteringar og tiltak som kan styrkje næringspolitisk arbeid på tvers av kommunegrenser og organisasjonar.

Diskusjonen handla mellom anna om korleis Sunnhordland og Haugalandet kan stå betre rusta i møte med store samfunns- og næringspolitiske utfordringar. Deltakarane peika på behovet for betre samordning, tydelegare bodskap og sterkare felles innsats i saker som gjeld infrastruktur, kraft, kompetanse og nye næringar.

Første møte i Næringspolitisk utval vart arrangert på Haugalandet i mai. Då vart regionalt samarbeid, samferdsel og utvikling av ein felles strategiplan løfta fram som sentrale tema. Knut Arild Hareide understreka då at regionen må stå samla for å få større gjennomslag, medan Statens vegvesen peika på behovet for tydeleg og aktivt pådrivararbeid for viktige samferdselsprosjekt.

Gjennom Næringspolitisk utval ønskjer Stord Næringsråd, saman med dei andre næringsråda i Sunnhordland og Næringsforeningen på Haugalandet å byggje ei sterkare felles stemme for regionen mellom Bergen og Stavanger. Arbeidet skal bidra til at næringslivet i Sunnhordland og på Haugalandet får større påverknad i saker som er avgjerande for vekst, verdiskaping og framtidige arbeidsplassar.
 
Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE