Feira nedbetalt Trekantsamband

03.05.2013
30.april 2013 vart Trekanssambandet nedbetalt - tre år før opprinneleg plan. Ein god dag for næringslivet og pendlarar som er avhengig av E39 som ei viktig samferdselsåre ut og inn av regionen. Ordførar på Stord, Liv Kari Eskeland talte til dei frammøtte på rim. Den første og siste betalande i bomstasjonen på Føyno - Morten Reiersen - vart hedra med blomar og helsingar, medan varebilar som passerte tuta i hornet av glede.

LES FLEIRE NYHENDE