Næringsalliansen gruppebilde
Næringsalliansen Vestland i vandrehallen saman med delar av vestlandsbenken.

Stortingsbesøk for å løfte fram viktige vestlandssaker

10.04.2025 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Næringsalliansen Vestland på tur til Stortinget denne veka, der me fekk møte med Vestlandsbenken. Me fekk løfta fram viktige saker for regionen som utfordringar med kraft, samferdsle - Hordfast og forventingar til havbruksmeldinga.
Næringsalliansen Vestland er samansett av alle næringsråda i Vestland fylke. Denne veka var ein delegasjon på beøk på Stortinget der ein fekk møte politikarane frå Vestland, for å løfte fram viktige saker for næringslivet og våre medlemsbedrifter.

Dette er nokre av sakene som vart tatt opp:
  • Kraftsituasjonen på Vestlandet, spesielt knytt mot Stord transformatorstasjon
  • Tilgang på tilstrekkeleg og god kompetanse
  • Samferdsle – E39 og rassikring
  • Forventingar og krav til havbruksmeldinga
  • Innspel til handsaming av saka om turistskatt/besøksbidrag
  • Formueskatt og norsk eigarskap, korleis formueskatt verkar på familieeigde, små og mellomstore bedrifter på vestlandet.
I tillegg fekk me møte fleire einskildrepresentantar der det vart høve til å gå endå grundigare inn i dei viktige sakene for Stord og næringslivet her. 
 
Politikk

LES FLEIRE NYHENDE