Stordbrua
Trekantsambandet tar bort handelsbarrierar mellom Stord og Bømlo. Trugslar om toll og handelskrig i verda byggjer barrierar. Foto: Forum Arkitekter

Næringslivet er avventande til Trump sine tollsatsar

10.04.2025 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Stord Næringsråd og Bømlo Næringsråd har gjennomført ei spørjeundersøking hjå sine medlemmar for å sjå korleis tollsatsar i USA vil påverke næringslivet. Næringsråda har saman med Næringsalliansen Vestland vore på Stortinget denne veka for å løfte fram dette og andre viktige saker for regionen.
 
Det er framleis mykje uvisse i kva tollar som kjem og korleis dette vil treffe bedriftene i Sunnhordland. 20 % av respondentane svarer at dei vil bli direkte råka av høgare tollsatsar, medan 40 % ikkje ser det som eit problem no. 40 % svarer at dei ikkje enno veit korleis ein auke i tollsatsane vil slå ut for si bedrift.

Dei bedriftene som blir direkte råka sel varer og innsatsfaktorar til varer som blir selt til USA. No når det blir auke i toll vil det gi ein høgare pris for kjøparane i USA. Det er framleis usikkert kva tollsatsar som blir endelege og korleis dette vil slå ut for etterspurnaden i USA.

Bedrifter som ikkje sel varer til USA blir ikkje direkte råka, men følgjer med situasjonen i verdshandelen tett. Dei er urolege for om det blir auka toll i andre land, då spesielt EU som er vår næraste og viktigaste eksportmarknad.

På spørsmål om tiltak frå norske myndighetar svarer bedriftene at det er viktig å komme på innsida av EU sin eventuelle tollmur. Vidare ønskjer næringslivet at det blir forhandla godt slik at det vert minst mogleg toll og handelsbarrierar. Det blir og løfta fram at det er viktig med stabile og føreseielege rammevilkår, samt fokus på innovasjon og vilje til å satse på nye løysingar.

Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE