Etablering av Næringsforeningene i Norge
Mandag 22. april og tirsdag 23. april vart den første samlinga for alle næringsråd og næringsforeiningar gjennomført. Under konferansen i Trondheim vart det vedteke å etablere ei nasjonal overbygging som får navnet Næringsforeningene i Norge.
- Det er svært viktig at næringsforeiningane i heile Norge vert samla. Vi er tettare på bedriftene enn nokon andre. Saman kan vi formidle utfordringar og behov i næringslivet på ein langt tydelegare måte, og det trur vi dei mange medlemsbedriftene landet rundt vil setje pris på, seier Monica Mæland.
- For oss som er eit relativt lite næringsråd er det gull verdt med samlingar for å knyte kontaktar og lære av kvarandre. Her er vi i ein større samanheng der næringslivet er i fokus. Samstundes har vi mykje å bidra med utfrå det næringslivet vi kjenner best frå våre medlemmar, seier Torbjørn Brosvik, dagleg leiar i Stord Næringsråd.
Næringsforeningene i Norge er partipolitisk uavhengig. Det er danna eit interimsstyre, samansett av Bergen Næringsråd og næringsforeiningane i Trondheim, Stavanger og Kristiansand.
I første omgang vil Næringsforeningene i Norge arbeide med saker innan desse områda:
- Samferdsle og NTP, nivå på totalramme og hovudformål.
- Rammevilkår for norsk eigarskap
- Straumprisar, krafttilgang, effekttilgang og transmisjonsnett
- Skattar og avgifter
- Innleige av arbeidskraft
- Eksportpolitikk
- Kompetanse
- Aktuelle høyringar og NOU-ar
- Offentleg-privat samarbeid