Vinnaren av Næringsprisen 2024
I grunngjevinga frå juryen heiter det:
Subshore har hatt ein solid og god vekst over fleire år. Verksemda strekker no over fleire land og har over 600 tilsette.
Verksemda er tru mot eigen idé og filosofi. Dei bidreg til verdiskaping på Stord gjennom støtte og gode tenester til verftsindustrien. Deira opplæringsprogram gjennom «Subshoreskulen» viser eit ønskje om å utvikle å ta vare på medarbeidarane.
Subshore bryr seg! Gjennom sitt engasjement inn mot born og unge på Stord, gjennom Robotklubben, First Lego League og sponsormidlar til ei rekke lag og organisasjonar, skaper verksemda bulyst og arbeidslyst på Stord.
Atle Wigum, dagleg leiar i Subshore, tok imot prisen på vegne av verksemda. I takketalen la han vekt på at det var ei ære å få bli nominert og løfta fram av næringslivet på Stord. Prisen kunne ikkje ha kome utan gode kollegaer, kundar og leverandørar. Ikkje minst var han glad for at samfunnsengasjementet vart løfta fram i grunngjevinga.
Næringsprisen er eit samarbeid mellom Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar.
Sjølve prisen er i år skulpturen "Posøren" laga av kunstnaren Leif Hedman som heldt til på Fitjar.
Informasjon