Industrifiber
Industrifiber med dagleg leiar Thomas Aaslund nest til venstre og Sals- og produktsjef for teknisk isolasjon, Per Ove Langeland til høgre.

Ny medlem - Industrifiber

06.01.2025 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Industrifiber er vår nyaste medlem! Velkomen til Stord Næringsråd!
Industrifiber er ei ung og dynamisk bedrift som arbeider tett saman med kundar og leverandørar for å finne dei beste løysingane for teknisk isolasjon og passiv brannbeskyttelse.

Hovudkontoret ligg i Prime Cargo sine lokaler på Vestby utanfor Oslo, der dei distribuerer produkt til kundar over heile landet. Samtidig har verksemda sterk lokal tilknyting på Stord med Per Ove Langeland som har spesielt fokus på å finne gode løysingar for industrien på Vestlandet.

- Etter å ha spesialisert oss på høgtemperatur isolasjonsfiber, starta vi i 2023/2024 ei målretta satsing på leveranse av teknisk isolasjon og passiv brannsikring. Vi tilbyr eit omfattande produktspekter som dekker behova innan landbasert industri, offshore-prosjekt, fornybar energi og olje og gassnæringa. For bygg og anlegg leverer vi eit breitt utval av løysingar for passiv brannbeskyttelse, fortel Per Ove Langeland.


Industrifiber er leia av Thomas Aaslund, som nyleg har utvida teamet frå fire til seks tilsette. Dei har planar om vidare vekst i 2025.

- Vi er glade for å vere medlem av Stord Næringsråd og ser fram til å bruke denne arenaen til å styrke Industrifiber si lokale tilknyting til Stord. Ta gjerne kontakt med Industrifiber, vi stiller gjerne opp til ein prat, seier Thomas Aaslund.

LES FLEIRE NYHENDE