Kjersti Haugland
Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Carnegie ga oss ei god innføring i kva økonomiske utsikter dei ser for seg for tida framover.

Geopolitisk uro gir økonomisk drivkraft

05.02.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Geopolitisk uro i form av krigar, konflikter og stadig nye handelspolitiske hendingar gjer jobben for økonomane krevjande. Kjersti Haugland og Svein Rune Jordheim i DNB Carnegie forsøkte på dagens lunchmøte å gi oss ei betre forståing for kva som har skjedd det siste året og kva utsikter det er for renter, inflasjon og valuta i tida framover.
- Eg har ikkje fasiten, seier sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Carnegie.

Likevel høyres ho sikker ut når ho forklarer kva skifte vi har vore gjennom i økonomien dei siste åra. Vi er innom renter, inflasjon, lønsoppgjer, kjøpekraft og korleis dette slår ut for ulike bransjar.

- Regionen her har nytt godt av tiltakspakken for oljenæringa, seier Haugland. Men no ser det ut til at den varsla normaliseringa er i ferd med å skje. Byggenæringa har lenge hatt utfordringar, og er framleis ikkje heilt friskmeldt, men er no på veg oppover og rapporterer meir optimisme framover.


- Sjølv om vi ikkje har fasiten, er vi det finanshuset som har troffe best dei siste fire åra, meiner avdelingsleiar Svein Rune Jordheim i DNB Carnegie. Vi jobbar for å treffe godt med analysane våre denne gongen og. Vidare fortel Jordheim om korleis ein kan sikre seg mot valutasvingingar og rentehopp.


Omlag 70 personar var samla for å høyre på økonomane i DNB Carnegie, få eig god lunch og bruke tid på mingling og nettverk på Stord hotell.
Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE