frukostmøte hos Nordplan
Nordplan har gode fasilitetar i det nye lokalet sitt. Her er det plass til over 40 i kantina / møterommet.

Nordplan inviterte til frukostmøte i nye lokaler

16.04.2026 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Nordplan har flytta inn i Klingsheim-huset i Borggata 12. For å verkeleg markere nytt lokale heldt dei frukostmøte i eige hus der deltakarane fekk presentert spennande tema rundt planlegging av bustadar, korleis vi skal bu og korleis dette kan settast saman på tvers av generasjonar og livssituasjonar.
Har næringslivet ei rolle og eit ansvar i bustadutviklinga? Er tida moden for å snakka om utvikling av "den moderne hagebyen" - som ein ny versjon av korleis industrien tidlegare brukte bustadtilbod som ein del av rekrutteringa? Spennande tema som Nordplan har jobba med og som dei delte sine tankar om på frukostmøtet.


Arkitektar og planleggarar var tidleg oppe og laga frukost til deltakarane på dette frukostmøtet. Med god mat i flotte omgjevnadar var ramma sett for eit godt frukostmøte.


Bjarte Bøe Alræk er avdelingsdirektør i Husbanken. Han fortalte litt om kva løysingar dei har for kommunar og privatpersonar. Dei stiller i første rekke med lån til bustad for personar med låg inntekt, utvklingshemming eller miljøvenlege løysingar. Men det er og høve for utbyggarar og andre til å søke på finansieringsløysingar for å fremje bustadbygging innan gitte kriterieum.
 

LES FLEIRE NYHENDE