
Frukostmøte med Næringsbarometer og Ka bala du med? 11.april
Det var Kjell Larsen frå Tveit Regnskap som presenterte Næringsbarometeret for dei siste fire månadene i 2018. 51% av bedriftene har auka inntektene, men sett opp mot prisjustering er dette meir å rekna som stabilisering. 56% har auka resultatet sitt, men det er store variasjonar frå bransje til bransje.
I tillegg til Næringsbarometeret var det to bedrifter som presenterte seg under: Ka bala du med?
Først ut var SKAG, som består av Anne Grethe Skorpen og Silvia Karlsen. Dei driv reklamebyrå og har også eige trykkeri på Vabakkjen.
Etterpå fekk me presentert planane for Borggata Futurum og kaiområde med nytt hotell av dagleg leiar Åsa Eldøy. Eit spanande og omfattande prosjekt som vil endra og fornya ein sentral del av Leirvik sentrum når det står ferdig.