Teca bilde
Teca utfører arbeid i mange disiplinar. Her er Teca sitt rørleggarteam på Stord - Mia, Christina, Gustav, Joakim, Geir Olaf og Olav framfor det nye bygget til Teca på Hatlandsmyro 9, 5412 Stord

Teca er ny samarbeidspartnar

14.02.2025 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Stord Næringsråd er glade for å få med Teca som ny samarbeidspartnar!
Teca er ein teknisk totalleverandør innan elektro, telekom, VVS, inneklima og automasjon. Dei har brei erfaring innan industri og marine, bygg og anlegg og service/teknisk service.



- Hos oss er alle oppdrag like viktige, anten det er hjå privatkundar eller store bedrifter, seier dagleg leiar Jone Vold. Han er nytilsett dagleg leiar og har ei brei kompetanse frå industri, bygg og anlegg, samferdsel og olje- og gassindustrien.

- Vi gler oss over å vere samarbeidspartnar for Stord Næringsråd og ser det som viktig at næringslivet har gode møteplassar og interesseorganisasjonar som løfter fram våre felles interesser, heldt Jone Vold fram.

- Stord Næringsråd ønskjer å vere synleg og godt representert inn mot alle delar av næringslivet på Stord. Teca et eit godt tilskot inn i folden hos oss. Vi ser fram til godt samarbeid vidare, seier Tobjørn Brosvik, dagleg leiar i Stord Næringsråd.


 
Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE