
Styremøte hjå Subshore

I tilleg til å vere ei verksemd som går godt, har Subshore eit stort engasjement for samfunnsliv og frivillighet på dei lokasjonane dei har aktivitet. Det viser godt att i lokalsamfunnet der Subshore går inn som sponsor for idrettslag og anna frivillig aktivitet. På Stord har dei hatt stor suksess med Robotklubben der born og unge får oppdage, utforske og bruke kreativiteten sin saman for å løyse nye oppgåver.
Styret hadde eit godt styremøte i etterkant av presentasjonen og ser no fram til årsmøtet for SNR som skal vere 18. mars.
