Stordkonferansen 2026 - URO
Nokre høgdepunkt frå programmet:
- Geopolitikk og «den nye normalen»: Hilmar Mjelde (Høgskulen på Vestlandet) deltek i opningsbolken om ei uroleg og uoversikteleg verd og konsekvensane for Noreg og Vestlandet.
- Tryggleik og digital motstandskraft: Roar Thon (NSM) om kvifor alle verksemder er mål og kva kvar enkelt kan gjere for å styrkje sikkerheitskulturen.
- Politikk og rammevilkår: Næringsminister Cecilie Myrseth kjem til Stordkonferansen.
- Når oljeskattepakken går mot slutten: Ordførar Sigbjørn Framnes (Stord kommune) og professor Olav Kjellevold Olsen (UiB) om omstilling, leiing i krevjande situasjonar og vegen vidare. Vi får og høyre frå lokale industrileiarar om kva dei ser for seg i tida framover.
- Grøn omstilling og arbeidskraft: Tor Martin Misund (Grøn Region Vestland), Sondre Olsen (NHO Vestland) om status, moglegheiter og konkurransekraft og Geir Aker (Fenriken i Kompani Lauritsen) om generasjon Z i arbeidslivet.
Følg med framover for endå meir spennande program - stordkonferansen.no
Samlingar