
Statens vegvesen er ferdig med reguleringsplan for Hordfast
55 km ny E39 - erstattar fleire ferjer
Forslaget til reguleringsplan gjeld ny 55 km ny veg. Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t. Ny veg skal erstatta fleire ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru. Til saman vert det foreslått å byggje fem toplanskryss, fem store bruer, fem til sju tunnelar og 30-32 kilometer med veg i dagen.
- Ny veg vil vere eit viktig bidrag for å binde regionen Stavanger-Bergen tettare saman til ein bu- og arbeidsregion. Ny E39 mellom Stord og Os vil redusere reisetida med ein time. Reguleringsplanen bygger på kommunedelplan som var vedtatt i 2019, der korridor for ny E39 vart avklart, forklarar Kjartan Hove, prosjektdirektør i Statens vegvesen sin utbyggingsdivisjon.
Her kan du lese meir om prosjektet: Statens vegvesen om Hordfast