![Haugesund Sparebank, Bente,Kathrine og Lillian](/uploads/1036/0/BenteKathrineLillian_Haakon%20Nordvik4.jpg)
Ny medlem - Haugesund Sparebank
- Haugesund Sparebank er ein lokal bank for Haugalandet og Sunnhordland, og har som visjon å bidra til at Haugalandet og Sunnhordland er ein god stad å bu og leve. Det betyr å ta godt vare på både privat- og bedriftskundar, gi god hjelp med personleg økonomi, solid rådgjeving for bedrifter, og hjelpe kundar med lån, investeringar og forsikring. Like viktig er det å bidra til eit rikt idretts- og kulturliv i regionen vår, og vi gir årleg økonomisk støtte til over 150 lag og foreiningar, seier Adm.banksjef Bente Haraldson Syre
Verdiane våre er lokal, nær og personleg, og vi vil vere nære kundane våre både fysisk og digitalt. Difor har vi stort fokus på utvikling av gode digitale løysingar samtidig som vi er opptekne av å vere fysisk tilgjengelege gjennom eit stort kontornettverk. Vi har i dag kontor i Haugesund, Amandasenteret, Aksdal, Skjold, Ølen, Etne, Sveio og på Bømlo. I løpet av året skal vi fusjonere med Tysnes Sparebank, og får då også kontor på Stord, Husnes, Tysnes og Lagunen i Bergen.
-Vi gler oss veldig til å ta del i eit spennande og aktivt næringsliv på Stord!