
Næringslivsdag på Stord vgs
- Det er ikkje alltid lett å vite kva ein vil studere eller kva ein vil bli. Målet for dagen var å vise fram at det er mange spennande jobbar på Stord innanfor ei rekke fagfelt, seier Torbjørn Brosvik i Stord Næringsråd. Tilgang på kompetanse er noko av det våre medlemmer melder er svært viktig. Derfor er det flott at vi no får i gang eit samarbeid med Stord vgs og får fortalt litt om det spennande næringslivet vi har her på Stord.

Vilde Nylund frå Salt Ship Design var først ut og fortalte litt om bedrifta og kva type jobbar og disiplinar dei har i sitt selskap.
- Sjølv om det er litt tilfeldig at det vart marin teknikk på meg, er eg veldig glad for at eg jobbar med dette no, fortel Nylund og viser entusiastisk bilder av 3D-modellar og testing av skrog i basseng. Kjekk lokasjon og gode kollegaer på Stord og mulighetar til å reise i jobben er noko av det eg likar best.

Sigurd Litlabø frå Sparebanken Vest viser kva kompetansar ein har bruk for i ein bank og korleis han hamna der.
- Kvifor eg jobbar i bank? Godt spørsmål, både spør og svarar Litlabø. Eg byrja som ringevikar, seinare i årsvikariat og no har eg jobba i Sparebanken Vest i over 12 år. Eg trivst veldig godt.

Multiconsult har eit stort kontor på Stord og treng ingeniørar og kompetanse innan mange ulike fag. Astrid Vangdal viser til at det er mange ulike vegar for å komme inn i interessante jobbar i Multiconsult.
- Eg visste eg ville bli arkitekt då eg var 6 år, men jobbar no med litt andre ting enn det eg så for meg. No har eg ein veldig kjekk jobb med kjekke kollegaer der vi finn på mykje moro saman.

Sverre Røgenes jobbar som Department Manager, Completion i Aker Solutions.
- Sjølv om ein ikkje har yrkesplanen klar, finst det mange måtar å komme inn i leiande posisjonar, seier Røgenes, som sjølv har gått Y-vegen.

Marianne Bjelland i Sustainable Energy fortel om testsenteret på Heiane, om at det kjem bedrifter frå heile verda for å teste sine produkt og om planane for utviding av testsenteret.
- Energibærarar som hydrogen, ammoniakk og elektrisitet er noko av det vi testar på Heiane, fortel Bjelland.
Informasjon