
Cruiseanløp til Leirvik 2. juni
Me gler oss til å ta imot MS Albatros
Me ønskjer at turistane skal oppleva Leirvik og Stord som ein triveleg og attraktiv plass å komma til, og me tek imot dei med bunadskledde jenter og jazzmusikk. Det er Brazzooka, vårt regionale jazzband som står for underhaldninga.
Opne butikkar, open Stord kyrkje, opent Maritimt Museum og opent Sunnhordlandstun. Alle er klar til å visa fram det beste me har!
Sjå pressemelding som er sendt ut; Pressemelding frå Stord Næringsråd - cruiseanløp 2.juni 2014 (2).pdf