Leirvik AS
Leirvik AS er leiande EPC-leverandør av store aluminiumskonstruksjonar og tilknytt tenester for klientar som opererer både på land og offshore. Me garanterer kvalitetsprodukt og tenester heile vegen frå innleiande ingeniørarbeid for nye prosjekt til livsforlengjande oppgraderingar, vedlikehald og modifikasjonar.
Leirvik AS har 320 tilsette og hovudkontor på Stord. Selskapet er organisert med fire forretningsområde: Boligkvarter, Vedlikehald og Modifikasjon, Akvakultur og Infrastruktur.
Historia vår – i korte trekk
Sjølv om Leivik AS vart grunnlagt på båtreparasjonar, har Leirvik AS vore ein leiande leverandør av nøkkelferdige boligkvarter i aluminium til olje- og gassindustrien offshore i meir enn 40 år. Nesten alle offshore-hotell på den norske kontinentalsokkelen er designa og bygd av oss. No tar me denne ekspertisen med oss inn i ei spennande framtid og nye marknader.
Få eit raskt innblikk i historia vår her: https://www.youtube.com/watch?v=Nzn7JErjef8&t=81s